Åpen mikrofon
Har du noko på hjartet?
Denne kvelden er Litteraturhusets mikrofon open for alle. Spirande forfattarar kan lese eller opptre i inntil tre minutt. DJ99, alias Guttorm Andreassen, set stemninga både før og etter lesingane.
Litteraturhuset arrangerer denne kvelden Åpen mikrofon for trettande gong. Opplesarane har vore mellom sytten og nittifire år, og alle tenkjelege sjangrar har vore representerte. Alle kan vere med, men fyrstemann til mølla! Påmelding éin time før arrangementet tek til. Velkomen til fullt hus og litterært påfyll.