Åpen mikrofon
Har du noko på hjartet?
Dikt med eller utan rim, små kvardagstraume eller utdrag frå noko som med tid og stunder skal bli Den Store Romanen. Ta dei med til Litteraturhuset denne kvelden, grip mikrofonen og hev røysta. For dette er kvelden alle som vil, får lese. Åpen mikrofon har plass for alt. I tre minutt er golvet og mikrofonen din, og det er førstemann til mølla! Påmelding ein time før arrangementsstart. DJ99 aka Guttorm Andreasen set stemninga både før, under og etter lesingane. Velkommen.