Årets nynorskkommune 2022
Frukostmøte med prisutdeling og språkdebatt
Kultur- og likestillingsdepartementet og Språkrådet deler ut prisen Årets nynorskkommune 2022 til ein kommune eller fylkeskommune som legg godt til rette for nynorsken. I år vil prisen gå til ein kommune som har gjort eit godt og medvite arbeid for å sikre nynorsk i arbeidet med å implementere språklova. Vinnaren får 200 000 kroner, og prisen blir delt ut av kultur- og likestillingsministeren Anette Trettebergstuen.
I samband med utdelinga av prisen blir det arrangert ein språkdebatt.
Arrangementet strømmes også direkte på YouTube
Program
09.30 Frukostmat og mingling
10.00 Velkomen ved juryleiar Margrethe Kvarenes
10.05 Framsyning av filmsnutt
10.10 Kulturministeren les opp juryavgjersla og deler ut prisen for 2022
10.25 Pressbilete av vinnar og minister
10.30 Takketale ved vinnarkommunen
10.45 Lansering av rapporten Rapport om språkbyte. Eit kunnskapsoversyn om språkbyte frå nynorsk til bokmål v/ Liv Astrid Skåre Langnes og Jorid Saure
11.00 Språkdebatt: Kva tyder det i praksis å vere språknøytral?
Ansvaret for språka våre er ikkje berre eit nasjonalt ansvar, men òg eit fylkeskommunalt og kommunalt ansvar. Ein del av dette ansvaret handlar om å bruke, fremje og styrkje nynorsken som det minst brukte norske skriftspråket, og om å tryggje vilkåra for nynorskbrukarane.
I denne samanhengen spelar skulen ei avgjerande rolle.
Er det berre i kjerneområda for nynorsken at nynorskelevane skal få bli trygge språkbrukarar? Kva utfordringar har kommunane som er plasserte i språklege randsoner, og korleis blir nynorskelevane sikra i såkalla språknøytrale område?
I panelet sit
Svein Olav Langåker, direktør i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)
Solveig Vestenfor, ordførar i Ål kommune, og
Inghild Vanglo, leiar av regional- kultur og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune
Astrid Randen frå NRK er debattleiar.
11.30 Arrangementet er slutt