Barnelerret
Tøfferud
Bli med til togbyen Tøfferud, der Koko, Eddie, Bruno, Wilson og Max tøffar rundt på skjenene, og alt berre handlar om perrongar, signal i raudt og grønt og om å frakte saker og ting hit og dit. Koko utfordrar Max til konkurranse: Den som gjer mest i løpet av ein dag, vinn. Men kva skjer om ein er altfor rask? Og kven vinn den store Tøffingmeisterskapen? Salen ligg i mørker, og det er tid for barnevenleg film på lerretet. Passar for alle.
ILL.: SF Norge