Barnelerret
Pippi Langstrømpe
Tommy og Annika er leie av foreldre som masar, og vil rømme heimanfrå, særleg viss Pippi vil vere med. Det vil ho. Dei prøver seg som tyrefektarar og med tønne i foss, og kven seier at born ikkje er gode til å køyre bil? I denne filmen har Pippi dessutan magiske evner og kan mellom anna sveve fritt i lufta, og når ho viftar med armane, får ho ein bil til å flyge!
Passar for alle.