Barnet

bookmark

Med Lars Amund Vaage og Olaug Nilssen

onsdag 6. februar 2013, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Det hende at ho laga bilete, med fingrane, blå figurar og svarte soler. Og ho kan alle songtekstane. Ho kan ikkje syngja dei. Men hender det at den som syng stoppar, midt i eit vers, kan ho straks seia det neste ordet. Det kan ho, men veit ikkje kva ho skal bruka det til.

Forfattarskapen til Lars Amund Vaage er på mange måtar ein framand fugl i det norske litterære landskapet, og tekstane hans har ein særprega musikalitet. No har han skrive boka Syngja inspirert av si no vaksne dotter. Ho var ikkje som andre barn, og tok ikkje inn verda slik andre gjer. Det har blitt ei rørande og sterk forteljing om å vere forelder til eit barn med autisme, boka har fått overveldande kritikkar og fekk også Brageprisen.

Olaug Nilssen er ein av våre fremste yngre forfattarar og har hatt stor suksess med mellom anna romanen Få meg på, for faen, som etter kvart har blitt både teater og film. I si seinaste bok, Kjøkenbenkrealisme, skriv ho mellom anna om sin eigen veg frå hardt utearbeidande mor til å skjøne at ho må vere meir heime fordi den eldste son hennar har spesielle behov. No intervjuar ho Lars Amund Vaage om Syngja, denne vare romanen om korleis det er å vere forfattar og forelder til eit barn som er annleis.