Bjørnstjerne Bjørnson

bookmark

Laurdagsforedrag ved Edvard Hoem

lørdag 15. mars 2014, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

De gode gjerninger redder verden.

Bjørnstjerne Bjørnson er ein av våre største forfattarar. Dessutan var han ein folketalar av dei sjeldne, markant samfunnskritikar og heilt sentral i etableringa av Norge som eit sjølvstendig, demokratisk og moderne land. Men han var òg ein forfattar av internasjonalt format, med eit politisk engasjement for mellom anna austeuropeiske språklege minoritetar og mot den aukande europeiske antisemittismen.

Forfattar Edvard Hoem har skrive fire kritikarrosa biografiband om mannen som har skrive Norges nasjonalsong og som i 1903 blei den fyrste nordmannen som fekk Nobelprisen i litteratur. I serien «De fire store og fire til» fortel han no om korleis Bjørnson endra landet vårt gjennom ord og gjerning.

Arrangementet inngår i Litteraturhusets satsning Folkeopplysning, som presenteres i samarbeid med DNB.