SongarFoto: Mikkel Gythfeldt

Songar

bookmark

Ellen Horn les Jon Fosse

lørdag 7. september 2019, kl. 20:00 til kl. 21:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Leser søker bok

Inngang: Gratis

Kritikarfavoritt, verdskjend dramatikar og evig aktuell kandidat for Nobelprisen Jon Fosse kan verke utilgjengeleg for mange. Kanskje kjem det som ei overrasking at ei av bøkene til Fosse er tilrådd for utrena lesarar. Men det klare og nedstrippa språket til Jon Fosse gjer han til ein forfattar som har eit breitt nedslagsfelt.

Skodespelar Ellen Horn les alle dei 33 songane som er samla i boka Songar, ei medrivande bok med ein klar rytme som omfamnar lesaren.