Spelemannen frå Korsneset
Ei framsyning
Notepapiret ligg oppå ei fjøl.
Blyanten skrapar i papiret.
Han skriv og nynnar, nynnar og skriv.
Karl Gustav Korsnes er 18 år og drøymer om ei framtid som musikar. Det er fattige kår på garden på Korsneset, musikken blir hans flukt frå kvardagen. Etter at eldstebroren seier frå seg odelen, er det Karl Gustav som må ta over. Livet blir ikkje heilt som han har sett for seg. Gro Nilsdatter Røsth har skrive Spelemannen frå Korsneset, ein historisk roman, basert på livet til Korsnes (1883–1942). Han komponerte mange slåttar gjennom heile livet.
No er det laga ei flott framsyning basert på boka. Folkemusikaren Thea Marie Ytterdal spelar slåttar etter Karl Gustav, og skodespelar Silje Breivik framfører tekster frå boka.