Bokfæst

bookmark

Ballongar og kaker

lørdag 17. september 2011, kl. 12:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Misunnelege Magda vil ha alt det dei andre har. Mopp og Mikko elskar kjøretøy, dyr og ting. Og Hans bakar blautkake til mamma og pappa saman med bestevenen som heiter Fridtjof og er ei høne. Bøker er moro, og no er det bokfæst med ballongar, kake, song og skrål. Møt forfattarane Stina Langlo Ørdal, Kari Stai og Ella Okstad på eit arrangement som passar best for barn mellom tre og seks år.