Boklansering: Betzy Kjelsberg

bookmark

Samtale mellom biograf Magnhild Folkvord og redaktør Cecilie Seiness

mandag 11. april 2016, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Vennelaget Samlagsrota

Inngang: Gratis

Kvinnesaksforkjemparen Betzy Kjelsberg (1866–1950) gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne. Ho var blant anna den første kvinna som sykla i Drammen, den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg, den første kvinna i sentralstyret i partiet Venstre og den første kvinna som tok ordet på den internasjonale arbeidskonferansen i Washington i 1919.  

Magnhild Folkvord har skrive den første biografien om Betzy Kjelsberg, ei modig kvinne som våga seg inn på område der menn tidlegare rådde grunnen åleine.