Bokslepp

bookmark

Lekamslyst II : Erotisk folkedikting i Noreg, ei tekstsamling

onsdag 16. desember 2015, kl. 17:30

Sal: Nedjma

Arrangør: Forfattarane og NOVUS forlag

Inngang: Gratis

Boka Lekamslyst II: Erotisk folkedikting i Noreg (NOVUS) er andre bandet av eit prosjekt om erotisk folkedikting i Noreg. Det fyrste bandet Lekamslyst I : Om erotisk folkedikting i Noreg (NOVUS 2008) omfattar m.a. ein gjennomgang og drøfting av erotiske motiv. Denne tekstsamlinga legg fram 1434 tekster – eventyr, segner, viser og stev – ordna etter motiv som Lekamslyst I. Storparten av tekstene er transkriberte etter originaloppskrifter i sentrale, regionale og private handskriftsamlingar og ikkje tidlegare publiserte.

Forfattarar:
Sigrid Bø, 1.amanuensis i kulturhistorie, Høgskolen i Telemark
Jarnfrid Kjøk, pensjonert lektor, cand. philol. historie

Les meir om boka her 

 

PROGRAM
Møteleiar: Ola E. Bø, dramaturg ved Det Norske Teatret

Musikkinnslag:
         Sigrid Kjetilsdotter Jore, kveding
         Aslak Brimi, slåttespel

Lekamslyst II ‒ Om boka og arbeidet med tekstene: Stephen Walton, professor ved Høgskolen i Telemark, og forfattarane

Tabuert erotisk forteljarstoff: Erik Henning Edvardsen, leiar i Asbjørnsenselskapet og dagleg leiar for Ibsenmuseet 

Erotisk songstoff i tradisjonsforsking: Velle Espeland, dagleg leiar for Norsk visearkiv

Norsk folkeminnesamling ­– Kjelder til undervisning og forsking. Nytten av tekstsamlinga: Line Esborg, førsteamanuensis (IKOS) og fagansvarleg for NFS, UiO

Spørsmål – Samtale

 

Vel møtt!