Bossa Nova

bookmark

Intimkonsert

fredag 1. juni 2012, kl. 20:00

Sal: Kverneland

Arrangør: Sindre Sortland

Inngang: Billett

A MAR speler og syng bossa nova på nynorsk og byr på ein lun konsert med både humor og blodig alvor. A MAR er Annelise Ringsby (vokal) og Sindre Sortland (gitar). Det blir tropenetter og haustregn, såre kjensler og løynde, lokkande lengter. Med eigne gjendikta versjonar av bittersøte bossatekstar brettar me ut eit oppdatert kart over ein sjanger mange kjenner til. Tristessa i brunbarka brasilianarar og melankolien i skulderstive skandinavar er to sider av same sak – det handlar om Livet og Havet, men mest om Kjærleiken. A MAR byr på musikk som er både eksotisk og kjend og sommarstemning uansett vær.
 
Låtane me framfører er chega de saudade/far i veg mitt tungsinn, desafinado/tonedøv, aguas de março/haustregn, bim bom, samba de uma nota só/solonotesamba, o barquinho/veslebåten, med fleire. 
 
Litt meir om Sindre og Annelise:
 
Sindre Sortland GITAR 
cand philol i gitar (Griegakademiet, UiB), bossafot etter studier i Brasil. 
Sindre har m.a. spelt skulekonsertar i Rogaland og på alle barneskulane 
Hordaland, og han er jevnleg workshop-leiar på komposisjonsprosjekt 
for barneskular i regi av Bit20-ensemble. Sindre har hatt engasjement 
som teatermusikar på Den Nationale Scene og Logen Teater i Bergen. 
Han har framført ny norsk musikk på festivalar for samtidsmusikk, 
både innanlands (Autunnale og Borealis i Bergen og NuMusic i 
Stavanger) og i utlandet (UNM i Helsingfors og London). 
 
Annelise Ringsby VOKAL 
Frilans songar med allsidig sceneerfaring innan populærmusikk: jazz, 
blues, rock og viser. Ho har medverka som både vokalist og korist på ei 
rekke TV-produksjonar og gjort fleire cd-innspelingar, både av andre 
sine og eigne prosjekt. Cd-innspelinga og turneen med "Løynde Eldars 
Land" (vokal og komposisjon) i anledning 100 årsjubileet for Tarjei 
Veesaas kan særlig nemnast. Annelise har turnert i Japan, Latvia, Sør- 
Afrika og Noreg.