Brukt på nytt
Lansering
Kathrine Gregersen, forfattaren av fjorårets suksessbok Strikk til nøstebarn, deler nok ein gong av sitt kreative overskot. Denne gongen har ho laga ei bok full av idear, oppskrifter og tips til gjenbruk. Kva kan ein lage sjølv av brukte materialar, korleis kan ein bruke ting på nye måtar, og korleis får ein ting til å vare litt lenger? Her finn du oppskrifter til klede, vesker, teppe, leiker og mykje meir. Boka er ei hjelp for dei som vil tenkje nytt i forhold til forbruk. Med denne boka blir det litt lettare å vere miljøbevisst.
Forfattaren vil presentera og demonstrera ulike idear og teknikkar frå boka.
Det blir høve til å kjøpa boka og få ho signert av forfattaren.
Enkel servering.