Dahleforelesninga

bookmark

Bildebøker som lekeplass

torsdag 8. april 2010, kl. 19:00

Sal: Kverneland

Arrangør: Norsk forfattersentrum

Inngang: Billett

Gro Dahle skriv og skriv og skriv og har ein imponerande bibliografi som inkluderer diktsamlingar, biletbøker, barnebøker og prosabøker – mange innanfor såkalla allalderlitteratur. Ho har kort veg til illustratøren sin, som er mannen hennar, Svein Nyhus. Av titlar der ho har tekst og han illustrasjonar, kan vi nemna: Den helt vidunderlige grisen Nøffi (1998), Snill (2002, bragepris) og Håret til mamma (2007). Ho debuterte med diktsamlinga Audiens (1987), og siste bok er trøyste- og nattaboka God natt, natt (Cappelen Damm 2009 – nominert til Kritikerprisen og Kulturdepartementets bildebokpris).