Dei gamle unge

bookmark

Agnes Ravatn og Kjersti A. Skomsvold

onsdag 20. februar 2013, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Jeg pusser opp meg selv alt jeg kan, men ser fremdeles like stusslig ut, og den svindyre frisøren er ikke smiskete, sånn som han burde være. Han er hjernekirurgen som må operere en glassmanet.

Det skriv Kjersti Annesdatter Skomsvold i boka Monstermenneske, som kom ut i haust. I opninga av romanen bur den ME-ramma hovudpersonen Kjersti på ein aldersheim, og i nabosenga ligg ei gammal kvinne som skal døy. I føreordet til essaysamlinga Folkelesnad frå 2011 takkar Agnes Ravatn foreldra sine, «som med jamne mellomrom uttrykker bekymring for at eg altfor tidleg har blitt ei sur gammal dame».

To unge gamlingar med distinkte litterære prosjekt og heilt særeigne blikk på verda gjestar Litteraturhuset denne kvelden. Kva fekk Ravatn til å velje seg stader der ikkje noko skjer som åstad for reportasjane i si fyrste essaysamling Stillstand og vekeblada frå Narvesen for å seie noko klokt om vår tid? Er det sant at Monstermenneske blei nesten seks hundre sider fordi Skomsvold ikkje ville at faren skulle bruke boka som bokmerke, slik han gjorde med debutboka hennar? Og kan ein skrive seg frisk, eller kva med å skrive seg til å bli menneske? Det er klart for gjensidig utspørjing.