Dei gav oss ein arv

bookmark

Lansering av Terje Kleivens bok om Heitkøtterbrørne

mandag 26. oktober 2009, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Det Norske Samlaget og Norges Naturvernforbund

Inngang: Gratis

Olaf, Norman og Fredrik Heitkøtter var banebrytande naturvernarar, dyktige skribentar og eineståande naturfotografar. Dei var pådrivarar for freding av viktige naturområde og etablering av nasjonalparkar, og har sett djupe spor etter seg i norsk natur. Forfattaren Terje Kleiven og Gro Heitkøtter fortel om brørne og viser fantastiske naturbilete frå boka. Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund, set arbeidet til Heitkøtterane i perspektiv, og Natur og Ungdoms Åshild Lahn tar arven vidare og viser oss bilete frå NUs fotokonkurranse ”Redd Resten”.

Heitkøtters Naturvernpris vert utdelt for første gong!