Dei løynde bestseljarane

bookmark

Barnebokkveld for vaksne

onsdag 2. juni 2010, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Tidlegare i år kom forfattar Ingunn Aamodt med eit hjartesukk i Aftenposten: Kvifor står ho ikkje oppførd på bestseljarlistene? Og kor mange artiklar er det eigentleg mogleg å skriva om krimheltane til Nesbø, sexskildringane til Ragde eller mediefenomenet Knausgård for kvar bokmelding av litteratur for barn og unge? Ingunn Aamodt er kvinna bak Pulverheksa, ein figur som fleire titusen norske lesarar har eit forhold til. Harald Rosenløw-Eeg og Ingelin Røssland skriv romanar som underheld og rører tenåringar landet rundt. Me som er i myndig alder, høyrer lite om denne litteraturen og endar ofte opp med nostalgiske bokval som Knerten og Emil når me handlar gåver. For alle dei som gjerne skulle visst meir om kva som vert skrive for unge i dag, arrangerer Litteraturhuset no barnebokkveld for vaksne. Samtaleleder er Guro Havrevold.

Sverre Henmo
frå Norske barne- og ungdomsbokforfattere vil innleie, og det vert samtale, lesing og diskusjon.

Singelkuttet: Bård Torgersen