Dei store debutantdagane
Selma Lønning Aarø og andre forfattarar presenterer debutantane av året
To kveldar etter kvarandre kan du høyre dei nye skjønnlitterære forfattarane av året lese frå bøkene sine. Variasjonen er stor, og det blir opplesingar frå noveller, lyrikk og romanar – både psykologiske innsikter, gode forteljingar, politiske spørsmål og språklege utfordringar. Kva pregar forfattarar av framtida? Kor lovande er dei lovande?
Selma Lønning Aarø • Mona Høvring • Unni Lindell • Anne Oterholm • Helene Uri • Ragnar Hovland • Henrik H. Langeland • Torgeir Rebolledo Pedersen • Kjell Ola Dahl • Geir Gulliksen • Bjarte Breiteig
Debutantdagane går føre seg onsdag 1. og torsdag 2. desember.