Den politiske veven

bookmark

Kjartan Fløgstad, Marit Paasche, Eivind Buene og Sandra Lillebø

onsdag 6. april 2016, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

På brei front og i mange land hevdar liberale meiningsdannarar i dag at det ikkje var Sovjet som nedkjempa nazismen; i staden var det dei allierte vestmaktene som nedkjempa totalitarianismen, i form av kommunazisme (Kjartan Fløgstad)

Det handlar om kunst som er politisk, og kunst som vert brukt politisk. Kjartan Fløgstad har skrive om mellom anna nazistane og Wagner i boka Etter i saumane. På kva vis blei Wagners bruk av europeisk legendemateriale nytta til å byggja opp Det tredje riket? Og har Fløgstad rett når han hevdar at ein i kulturkampen demoniserer arbeidarklassen og frikjenner borgarskapet for historisk skuld?

Hannah Ryggen (1894–1970) er ifølgje kunsthistorikar og Ryggen-biograf Marit Paasche ein kunstnar som kan måla krefter med Picasso. Gjennom dei vovne bileta sine av arbeidarliv, fascisme og invasjonen av Etiopia skildra ho både politiske og ideologiske standpunkt. Men freista ein med den store retrospektive utstillinga på Nasjonalmuseet i 2015 å kanonisera Hannah Ryggen som humanist og dekkja over at ho var kommunist?

Komponist og forfattar Eivind Buene stilte i eit ope brev i Vagant 3/2013 spørsmål ved om ikkje Fløgstads kulturkamp alt er ei ferdig kjempa sak. Bli med når dei tre snakkar med forfattar og kritikar Sandra Lillebø om kunst og ideologi på Litteraturhuset.