Det nye mediehatet

bookmark

tirsdag 6. desember 2016, kl. 18:30

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Internasjonal Reporter

Inngang: Gratis

I Tyskland roper aktivistar “løgnpresse” når dei demonstrerer mot Angela Merkels flyktningpolitikk. I USA blir redaktøren for den konspiratoriske nettavisa Breitbart ein av presidentens næraste rådgjevarar. I Storbritannia stemte folket nei til EU – trass i alle advarslar og prediksjonar frå massemedia.

Dei populistiske rørslene i Vesten samlast alle om ein ting: hatet mot det dei kallar “mainstream media”. Korleis hamna me her? Har tradisjonelle medier seg sjølv å takka? Har dei mista oversikta over viktige strøymingar i folket? Korleis kan me halda på ein sannferdig og faktabasert journalistikk?

I panelet stiller:

Jan Sjunnesson, medarbeidar i den kontroversielle svenske nettavisa Avpixlat. Han har tidlegare vore redaktør for nettavisa til partiet Sverigedemokraterna. Inger Merete Hobbelstad, kommentator i Dagbladet. John Færseth, forfattar og ekspert på konspirasjonsteoriar. Gard L. Michalsen, redaktør for Medier24. Ordstyrar er Kristin Skare Orgeret.