Eg har sett jaguaren
Sigrun Slapgard tett på liv og død
I samtale med Frøya Torvik.
Sigrun Slapgard – forfattar og utanriksjournalist – har gjort seg kjend med Latin-Amerika gjennom fleire tiår, ein verdsdel som er blitt del av hennar eige liv. Ho tar oss til El Salvador der døden er kvardag, inn i Colombias jungel til møte med FARC-geriljaen, og til Buenos Aires der bortførte barn nå dukkar opp tretti år etter militærdiktaturet. Og ho viser oss kva endringar som er moglege i dette mangefasetterte kontinentet.
I bagasjen har ho menneske og historier som har nekta å sleppe tak i Sigrun Slapgard, som har blitt del av hennar eige liv. Ei sterk og personleg bok om mot og kraft, lys og mørke.
Vi møter Sigrun Slapgards Latin-Amerika gjennom forfattarsamtale med Frøya Torvik, latinamerika-aktivist og representant for ein generasjon som ikkje synst at Latin-Amerika er så langt borte. Og kva er framtida for jaguaren?