Ein lovsong til trassen
Novellene til Laila Stien
Ein lovsong til trassen er ei ny bok om novelleforfattaren Laila Stien. Hallvard Kjelen (Nord universitet) presenterer boka som både gjev ei framstilling av det karakteristiske ved forfattarskapen og noko av breidda og mangfaldet. Medan aviskritikken har peika ut Stien som ein kvardagsskildrar, blir det her lagt vekt på at novellene viser fram karakterar i situasjonar som slett ikkje er kvardagslege. Stien skildrar snarare menneske i krisesituasjonar og i overgangssituasjonar der kvardagen krakelerer og bryt saman. Avstanden mellom krava frå omgjevnadene, ja sjølve eksistensen, og det som er mogleg for karakterane å hanskast med, er stor. Den einaste utvegen som då står igjen for mange av dei, er protesten, resignasjonen, flukta eller trassen.
Laila Stien er sjølv til stades og les frå samlingane.