Eit poetisk liv

bookmark

Åse-Marie Nesse

mandag 11. oktober 2010, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Det Norske Samlaget

Inngang: Gratis

Diktaren, gjendiktaren og tyskfilologen Åse-Marie Nesse nådde ut til eit stort publikum med dikt om grunnvilkåra i tilveret. Dikt som ofte er gjennomlyste av ei ljos og poetisk grunnhaldning. Ho skriv om kjærleik og glede, om det å vera kvinne, men og om sjukdom, sorg og død. Tilhøvet mellom liv og dikting var nært og tett heilt til siste slutt. Ho levde tett på dei store klassikarene i litteraturen, og gjendikta frå fleire språk, serleg tysk og spansk. – Gjendiktinga av Goethes Faust er sett på som ei bragd.

Ved biograf Elisabet Vallevik Engelstad.

Kunstnarlege innslag.