Fascismens arv: MussoliniFOTO: Creative Commons

Fascismens arv: Mussolini

bookmark

Laurdagsføredrag ved Simen Ekern

lørdag 28. april 2018, kl. 15:00 til kl. 16:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Oppdatert fredag 14. desember 2018, kl. 12:35

12:35

Andre foredrag i arrangementsserien «Fascismens arv» holdes av Simen Ekern, som er idéhistoriker, journalist og forfatter. 1922 marsjerte svartskjortene mot Roma. Der blei de møt av Benito Mussolini, som kom med toget fra Milano. Hvordan klarte Mussolini å manipulere massene og de demokratiske spillereglene så han fikk makta? Og kan man si at Mussolini var en av populismens pionérer? Hvilke av metodene hans inspirerer høyreekstreme i dag, og hva slags arv har han etterlatt seg i Europa?

28. oktober 1922 marsjerte svartskjortene mot Roma. Der blei dei møtte av Benito Mussolini, som kom med toget frå Milano. Korleis klarte Mussolini å manipulere massane og dei demokratiske spelereglane slik at han fekk makta? Og kan ein seie at Mussolini på nokre måtar var ein av populismens pionerar? Kva for nokre av metodane hans inspirerer høgreekstreme i dag, og kva slags arv har han etterlate seg i Europa?

Simen Ekern er idéhistorikar, journalist og forfattar og har skrive fleire bøker om italiensk og europeisk politikk. I 2017 gav han ut Folket det er meg, der han undersøkjer framveksten av den europeiske høgrepopulismen. No er Ekern andremann ut i føredragsserien «Fascismens arv» på Litteraturhuset, der me gjennom fire føredrag ser dei historiske røtene til fascismen i samanheng med den politiske og sosiale utviklinga i Europa i dag.

Arrangementet er del av satsinga «Folkeopplysning» på Litteraturhuset