P. O. Enquist 1Foto: Ulla Montan. Bearbeidet av Gladesigner.

P. O. Enquist

bookmark

Ledestjerneforedrag ved Lars Petter Sveen

onsdag 24. oktober 2018, kl. 18:00 til kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Forfattar Lars Petter Sveen har i tillegg til P.O. Enquists pris vunne Tarjei Vesaas’ debutanpris og var i 2015 med på Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival si kåring av dei ti beste forfattarane under 35 år.

I dette foredraget fortel han om sin eigen fascinasjon for P.O. Enquist sitt forfattarskap.

På kva måte har bøkene til Enquist påverka skrivinga til Sveen? Kvifor har Sveen særleg festa seg ved utgjevingane Kaptein Nemos bibliotek og Lewis reise? Og kva legg Sveen i utsegna om at Enquists bøker er ein kombinasjon av litterære eksperiment og tradisjonell historieforteljing?

I serien «Litterære ledestjerner» på Litteraturhuset talar forfattarar om ein forfattarskap dei set særskilt høgt.