P. O. Enquists prisFoto: Lærke Posselt

Møt vinnar av P. O. Enquists pris 2018

bookmark

Prisvinnar i år: Caroline A. Minor

onsdag 24. oktober 2018, kl. 19:00 til kl. 20:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset og P. O. Enquists pris

Inngang: Gratis

Danske Caroline Albertine Minor debuterte med romanen Pura vida i 2013. I 2017 kom novellesamlinga Velsignelser, som er sju tekster som krinsar rundt tematikken sorg og tap av meining. Velsignelser er nominert til Nordisk råds litteraturpris, ein pris som vert delt ut seinare i haust. Alt no er det likevel klart at Minor er vinnaren i år av P.O. Enquists pris.

I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at «Novellernes eksistentielle tyngde afbalanceres mesterligt af stilistisk lethed og sikkerhed. Med dette viser Caroline Albertine Minor allerede med sin anden bog et internationalt format.»

På Litteraturhuset denne kvelden får me høyra heile grunngjevinga frå juryen. Så fylgjer prisutdeling, før Minor samtalar med forfattarkollega Mikkel Bugge.