Fidjestølforelesinga

bookmark

Om kampen for innkjøpsordninga

lørdag 14. november 2015, kl. 14:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk Forfattersentrum, Dagsavisen og Det Norske Samlaget

Inngang: Billett

Norsk kulturråd og innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur blei oppretta i 1965 for å berge norsk litteratur og det norske språket mot flaumen av utanlandsk underhaldning. Ordninga har vore omstridd frå dag éin, biblioteka frykta for plassmangel, leiaren i Forleggjarforeininga trudde han med dette kunne tene seg rik på å gje ut pubertetsdikta sine, stortingspolitikarar har lese høgt frå den nye lyrikken til spott og spe, og sentrale norske forfattarar har mange gonger føreslått å avvikle ordninga. Likevel er innkjøpsordninga stadig blitt styrkt og utvida til å inkludere fleire sjangrar og står i dag som det viktigaste litteraturpolitiske virkemidlet i Noreg.

FOTO: Alfred Fidjestøl. Fotograf: Cecilie Seiness/Samlaget.