Fløgstadforelesninga

bookmark

Om Bjørn Aamodt

lørdag 19. februar 2011, kl. 14:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk Forfattersentrum

Inngang: Billett

Reduserer etikettar som «borgarleg» eller «arbeidarlitteratur» diktaren til sin eigen motivkrins? Diktinga til lyrikaren og industriarbeidaren Bjørn Aamodt (1944–2006) har ein sentral posisjon i moderne norsk poesi og er samstundes heftig debattert. I foredraget vil Kjartan Fløgstad sjå nærare på forfattarskapen og føra diskusjonen vidare.

Kjartan Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968 og fekk eit gjennombrot med romanen Dalen Portland i 1977 (Nordisk Råds litteraturpris). Sidan har han fått ei rekkje prisar, mellom anna Brages hederspris i 2008, og står som ein av dei mest sentrale forfattarane våre.