Flyktningbølga og Tyskland

bookmark

Når snudde stemninga?

onsdag 24. februar 2016, kl. 18:30

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Internasjonal reporter

Inngang: Gratis

I 2015 markerte Tyskland seg som den mest generøse nasjonen i Europa for migranter. No er populariteten til Angela Merkel i fritt fall. Kva skjedde? Og korleis har tysk presse fanga opp stemningsskiftet? Til Litteraturhuset kjem Per Hinrichs frå den tyske storavisa Welt am Sontag og Aftenpostens tidlegare Tyskland-korrespondent Ingrid Brekke. Debattleiar er Astrid Dypvik, forfatter og Nationen-journalist.