Forfattarmøte med Vegard MarkhusIll.: Vegard Markhus
Skolebesøk

Forfattarmøte med Vegard Markhus

bookmark

Skulebesøk for 1. og 2. trinn

tirsdag 26. februar 2019, kl. 09:30 til torsdag 28. februar 2019, kl. 13:00 – Utsolgt / Fullt

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Fulltegnet

Vegard Markhus både skriv og teiknar, og likar å lage artige og merkelige historier. I Timothy mistar seg sjølv mistar Timothy først ei tann, så armar og bein til berre hovudet er att. Og i Ei kjedeleg bok vil ikkje hovudpersonen vere i boka lenger, men når han finn nokre fargestiftar, endrar alt seg.

I den nye boka Det runde problemet har Robert det ikkje så greitt. Han kan ikkje sjå den blå himmelen eller høyre folka som roper og ler utanfor. Så snublar han i noko som ligg på golvet. Eit hovud! Kanskje til og med hans eige hovud?

No kjem Vegard Markhus for å lese frå boka si, teikne på tavla og kanskje spele litt på gitar. Det blir forfattarmøte tysdag 26., onsdag 27. og torsdag 28. februar kl. 09.30, 10.45 og 12.00. Møta varer om lag 40 minutt. Påmelding til skole@litteraturhuset.no.