Forsking på høgreekstremisme etter 22. juli

bookmark

Frukostseminar

fredag 25. april 2014, kl. 08:15

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: De nasjonale forskningsetiske komiteene

Inngang: Gratis

Det største terrorangrepet i norsk historie var eit angrep frå ytre høgre. Kva kunnskap har vi om høgreekstreme og rasistiske miljø i Norge og internasjonalt og kva trussel dei utgjer? Vi har invitert tre forskarar til å vise kva kunnskap vi har og kva kunnskap vi ikkje har om desse gruppene. Vi har også bede dei reflektere rundt dei etiske og metodiske utfordringane med å tette desse kunnskapshola.

Tore Bjørgo, Politihøgskolen, har i ei årrekke forska på politisk vald og terrorisme i Norge og internasjonalt.
Jacob Ravndal, Forsvarets forskningsinstitutt, studerer høgreekstrem terrorisme i Europa i sitt doktorgradsarbeid.
Lars Erik Berntzen, European University Institute (Firenze), forskar på anti-islamsk retorikk og mobilisering i Vest-Europa.

May-Len Skilbrei har lang erfaring med å forske på marginaliserte, kriminelle og vanskeleg tilgjengelege grupper, og vil kommentere innlegga. Ho er professor ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi, UiO og medlem i Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH).

Frukost og kaffi blir servert frå klokka 0800. Seminaret er gratis og åpent for alle, men fint om du meldar deg på, så blir det mat og plass til alle.
Påmelding her

FOTO: Shutterstock