Fransk poesisalong

bookmark

Med Thomas Lundbo, Anna Kleiva og Erlend Viken

tirsdag 14. juni 2016, kl. 19:00

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Thomas Lundbo er norsk forfattar og skjønnlitterær omsetjar og har dei seinaste åra mellom anna gjendikta fleire diktsamlingar frå fransk. Denne kvelden talar han om nokre tendensar han ser i den franske samtidspoesien, særleg det som gjerne vert kalla «den nye franske poesien» (la nouvelle poésie française). Han lovar å kome inn på tekster av mellom andre Jacques Roubaud, Franck Leibovici, Nathalie Quintane og Jean-Marie Gleize. Han lovar kanskje å sveipe innom namn som James Sacré, Emmanuel Hocquard og Gwanaëlle Stubbe.

Til Litteraturhusets franske poesisalong kjem òg poet Anna Kleiva med den freshe og kritikerroste diktsamlinga si, Drikkeviser frå Paris. Ho gav ut si fyrste diktsamling i 2011, Ti liknande versjonar. Andreboka hennar var Vårar seinare. For den blei ho tildelt både Natt & Dags Oslopris Årets bok 2014 og Melsomprisen 2015. Denne kvelden kjem ho saman med folkemusikar Erlend Viken, og dei to tek oss med på ein poetisk svir av ei opplesing. Bygde-Noreg møter Paris når ein gris, ein fjøsnisse og ein rømling finn seg til rette saman med småkriminelle Didier og opiumsmakronar nede i dei parisiske tunnelbanegangane.

Etter arrangementet blir det Portugal–Island på storskjerm kl. 21.00.