Gina Krog 1

Gina Krog

bookmark

175-årsjubileum og boklansering

onsdag 8. juni 2022, kl. 18:00 til kl. 20:00

Sal: Skram (2. et)

Arrangør: Norsk Kvinnesaksforening og SolumBokvennen

Inngang: Gratis

Gina Krog (1847-1916) var ei av dei sentrale kvinnesakspionerane kring førre hundreårsskiftet. I år er det 175 år sia ho vart fødd. No kjem boka om henne og innsatsen hennar i kvinnekampen, Gina Krog – feminist og tindeklivar, av Magnhild Folkvord.

Stemmerett for kvinner var ei hovudsak, men for Gina Krog var det sjølvsagt at eit program for full kvinnefrigjering også måtte omfatta både rett til arbeid og utdanning og lik lønn for kvinner og menn. Ho brukte klar tale når ho møtte kvinneforakt – også i sitt eige parti Venstre.

Gina Krog redigerte det første kvinnepolitiske tidsskriftet i Noreg, Nylænde, i nesten tretti år, og ho sørga for å knytta den unge norske kvinnerørsla til den internasjonale kvinnerørsla.

8. juni blir det jubileumsmarkering og boklansering i Amalie Skram-salen, Litteraturhuset kl 18. Susanne Dietrichson, forskningsjournalist i Kilden, vil vera bokbademeister.