Grenselaus luksus – før og nå
Arr feirar rykande ferskt nummer om Luksus med ein samtale om, nettopp, luksus. For treng me luksus? Og kva gjer luksus med oss? Handlar luksus om jag etter staus, prakt og makt, eller autentisitet, nyting og estetisk livskvalitet? Denne kvelden vil Tereza Østbø Kuldova, Håkon Evju, Runar Døving og Emil Nicklas Johnsen bringa oss nærare ei forståing av luksusens gyldne aura i går og i dag.
- Tereza Østbø Kuldova, sosialantropolog og forskar ved Oslo Met, har arbeida med tema som korrupsjon, mote og sosial ulikskap. Sidan invasjonen av Ukraina har ho undersøkt korleis og korfor luksus blant russiske oligarkar og russerar generelt har blitt sanksjonert.
- Håkon Evju, fyrsteamanuensis i idéhistorie ved Universitetet i Oslo, arbeider med nordisk opplysingstid og har fordjupa seg i luksusdebattane i på 1700-talet, då det blei oppstuss når eliten plutseleg ikkje lenger fekk ha luksusen for seg sjølv.
- Runar Døving, sosialantropolog og professor ved Høyskolen Kristiania, har forska mykje på forbrukaråtferd i Noreg. Han er interessert i nordmenns ambivalente og noko skamfulle forhold til luksus, der luksus fyrst er ok når ein har gjort seg fortent til det.
- Emil Nicklas Johnsen, idéhistorikar og redaktør for Luksus-nummeret, vil losa oss gjennom samtalen.