Gryttenforelesninga
Frode Grytten om litterære biografiar og det biografiske i litteraturen
Er det ikkje slik at biografien er dei intellektuelles Se & Hør? Og bør forfattaren spara på brev og private minne for ein eventuell framtidig biografi? "Brenn mine brev! Eg tar ikkje nasjonalt ansvar", seier Frode Grytten. Siste bok: Rom ved havet, rom i byen (Noveller, Samlaget 2007).
Etter forelesinga – spørsmål frå salen, kjør minidebatt!
Norsk Forfattersentrum ser fram til å arrangera Forfattarforelesinga kvar månad for å auka det seine litteratursnakket i det offentlege, kjappe rom. Vi trur forfattarar i større grad treng denne refleksjonsforma. Samtidig treng sjangeren å bli henta ut frå skriveskular og universitet for at denne type litteraturmeinig skal nå eit breiare publikum. Vi ønskjer å etablera Forfattarforelesinga som ei open form for meiningshamring i håp om å engasjera både avsendar og mottakar rundt viktige, litterære problemstillingar.
Vel møtt!