Gud og gitar

bookmark

Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland møter Olaug Nilssen

onsdag 4. mai 2011, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Dei blir spela i bryllaup, dåp og gravferd og står på repertoaret til kvart eit Ten Sing-kor med respekt for seg sjølv. Med låtar som «Eg ser» og «Sangen om gleden» får dei også publikum på pubar, rockekonsertar og festivalar rundt om i Noreg til å rope av begeistring. Er det Gud eller gitarriff som lokkar?

Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland er blant våre mest folkekjære musikarar. Dei syng om alt frå kvardagstraume til personleg tru og tvil i låtar som treffer langt fleire enn dei vi finn på kyrkjetrappa ein vanleg sundags føremiddag. Begge uttalar seg offentleg om kyrkje- og trusspørsmål, men ingen av dei vil gå med på at dei er kristne artistar. Kva er det då dei er?

På Litteraturhuset møter Eidsvåg og Dagsland forfattaren Olaug Nilssen. Ho gav i 2009 ut boka Nesten frelst av Sigvart Dagsland, der ho prøvde å finne ut kvifor han hadde eit slik vanvitig drag på Ten Sing-jentene. Om ho fann svaret får du kanskje vite denne kvelden når ho møter dei to musikarane til samtale om tekstane deira og kva som driv dei.