Har normert tale utspelt si rolle?
Er normert tale på veg ut av radio og TV? Treng ein normert språk for å bli forstått, eller er dialektane gode nok?
Fylkesmållaget Vikværingen og Kringkastingsringen inviterer til ein open kveld, der normert tale i radio og TV er tema. Først får me ei innleiing av Ruth Vatvedt Fjeld. Ho er professor i Nordisk språk ved UiO, og har 12 års erfaring som språkkontakt i NRK.
Etterpå vert det paneldebatt. Namna på kven som sit i panelet vert publisert på Facebookhendinga etterkvart som dei er klare.
Me held lokalet ope ei stund etter debatten, der har du høve til å halde fram diskusjonen, verte betre kjent med oss, og få deg ein kopp kaffi samt eit kakestykke.
Til å føre oss gjennom kvelden har me Guro Kvalnes og Hans-Olav Rise.
Me vonar å sjå nett deg!