Havet brenner:

bookmark

Film og føredrag ved forfattar Kristin Sørsdal

onsdag 15. mars 2017, kl. 17:30

Sal: Nedjma

Arrangør: Vennelaget Samlagsrota og Det Norske Samlaget

Inngang: Gratis

Kristin Sørsdal fortel om og les frå sin nye roman Mare før filmen Havet brenner av Gianfranco Rosi blir vist. 

Både boka og filmen gir eit bilete av ei øy i Middelhavet omgitt av eit hav med flyktningar. 

Mare viser havet slik turistane ser det, og slik båtflyktningane fryktar det. Vi møter Solveig frå Noreg som drar til Europas siste utpost før Afrika for å symje, men også for å finne ut kva som skjer på øya. På den libyske/tunisiske sida av havet ventar ein liten gut på båten som skal ta han og mora til faren som ventar «i den fjerne byen dei kallar Bodo». 

Solveig møter ei todelt øy, der gravplassane for dei drukna og mottakssenteret for dei som skal sendast vidare, er skjult for turistane. Men ho møter også menneske som slit med å leve eit normalt liv etter å ha henta opp dei som aldri kom levande fram. 

Romanen og filmen stiller stadig meir aktuelle spørsmål om medmenneskeleg ansvar. I år er 65 millionar menneske på flukt, mange av dei over havet. Korleis forstår vi skiljet mellom «dei» og «oss»? Har vi språk for det? Kan vi leve oss inn i ei smerte som vi aldri har erfart? Og ikkje minst, vil vi det? Kva forpliktingar fører hjelpa med seg? 

Havet brenner vann Gullbjørnen på filmfestivalen i Berlin i fjor. Filmen gir eit samansett og komplekst blikk på Lampedusa, ei øy som dei siste femten åra har vore første møte med Europa for tusenvis av desperate menneske på flukt, men som samtidig er så mykje, mykje meir.