Historisk søndag
Jan Inge Sørbø om Arne Garborg
Arne Garborg var uvanleg godt orientert i det intellektuelle og kunstnarlege klimaet i samtida si, og han etterlét seg ei rad lysande litterære verk, ikkje berre i norsk, men òg i europeisk samanheng. Garborgs bakgrunn var derimot ikkje særleg ljos, men derimot merkt av at far hans tok sitt eige liv då Garborg var berre 19 år gamal. Traumet kom til å setja merke på mykje av forfattarskapen hans. Det er òg dette traumet som fører han inn i dei mest sentrale filosofiske og religiøse straumdraga i samtida si.
Jan Inge Sørbø vil, med utgangspunkt i boka Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland, gje oss eit innblikk i utviklinga til ein av dei største diktarane og tenkjarane våre.
Arrangementet er ein del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som vert presentert i samarbeid med DNB.
FOTO: Fotograf ukjent, Nasjonalbiblioteket