Historisk søndag

bookmark

Grethe Fatima Syëd om Olav Duun

søndag 6. desember 2015, kl. 13:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Olav Duun debuterte som forfattar i 1907 og er sentral i den norske litterære kanon. Saman med Sigrid Undset og Johan Falkberget var han mellom dei tonegjevande forfattarane i fyrste helvta av 1900-talet. Dei mest kjende verka hans er dei episke romanane Juvikfolke, Ragnhild-trilogien og Menneske og maktene, men forfattarskapen er kjennemerkt òg av finmaska karakterstudiar og ei kritisk undersøking av livsvilkåra til menneske. Han vart fleire gonger føreslegen til Nobelprisen i litteratur, og i 1925 tapte han prisen til George Bernard Shaw med éi røyst.

Grethe Fatima Syëd har teke ein nærare kik på dei mindre kjende verka til Duun i boka Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter.

Arrangementet er ein del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som vert presentert i samarbeid med DNB.