Historisk søndag
Tysk fredspropaganda i Norge
Frå 1940 til maidagane i 1945 hadde nær førti tyske og austerrikske soldatkunstnarar i oppdrag å lage akvarellar, teikningar og målarstykke med norske motiv. Dei tyske okkupantane kjøpte postkorta og kunstmappene som souvenir til seg sjølve eller som gåve til slekt og venner i heimlandet. Einar Økland gir innsyn i kva som blei publisert, og kven utgjevarane og kunstnarane var i boka Norwegen, schönes land!
Arrangementet er del av Litteraturhus-satsinga Folkeopplysning, som vert presentert i samarbeid med DNB.