Historisk søndag
Alfred Fidjestøl om ekteparet Garborg
Hausten 1897 flytta tre ektepar saman i eit slags kollektiv på ein gard i Asker. Hulda og Arne Garborg, Marta og Rasmus Steinsvik og Karen og Ivar Mortensson var alle ihuga nynorsktilhengjarar. Med Labråten som hovudkvarter skulle Noregs kulturelle identitet endrast for alltid. Nokre av dei viktigaste nynorskverka blei skrivne her. I tillegg starta dei som budde der den fyrste landsdekkjande landsmålsavisa og verdas eldste eksisterande barneblad, dei etablerte Det Norske Teatret, og med Hulda som pådrivar fekk bunaden og folkedansen sin renessanse.
Alfred Fidjestøl har skrive boka Frå Asker til Eden, om korleis Labråten blei ei vestlandsk bygd på Austlandet. Arrangementet er ein del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som blir presentert i samarbeid med DNB.