Huldrer og troll i dur og moll

bookmark

Med Unni Løvlid

lørdag 23. mars 2013, kl. 13:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Veit du korleis huldra ser ut? Veit du korleis ho lokkar menneska med seg? Ho er så vakker og syng så fint at ein får lyst til å følgje etter henne rett inn i fjellet. Men gjer ein det, kjem ein aldri ut att. Folkesongar Unni Løvlid syng om huldrer og troll med ei røyst mest like fin som den til huldra. Dessutan kan ho songar om Hanefar høgt oppi Fagerli, ekornet på store myr og Ole-Ole-mann. Ho har med seg fleire musikarvener òg, og så er det klart for ei eventyrleg reise i songar, rim og regler som får fantasien til å spinne. Passar best for born frå tre år.