I Burmas jungel

bookmark

AVLYST

onsdag 21. april 2010, kl. 19:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Kva skjer i Burmas jungel? Burma, eller Myanmar, som den styrande juntaen offisielt kallar landet, er mellom dei mest etnisk samansette landa i verda. I oppløpet til valet som er varsla seinare i år, har overgrepa mot fleire folkegrupper auka i styrke, melder rapportar. Tilhøva i Burma får mykje merksemd i media, men korleis er det for dei som lever i landet? Me har høyrt få forteljingar frå dei som slåst mot regimet kvar dag, og endå mindre om dagleglivet til vanlege folk i eit lukka land. I kveld på Litteraturhuset får me høyre begge delar. Nerdah Mya er geriljaleiar i andre generasjon. Som oberst i motstandsrørsla til Karen-folket kjempar han mot diktaturet og for rettane til Burmas nest største etniske minoritet. Han fortel om livet i kamp mot regimet.

Mya kjem saman med forfattaren Pascal Khoo Thwee, som òg har vakse opp i Burmas jungel, hjå Padaungstammen, kjend for kvinnene som går med bronseringar rundt dei lange halsane sine. Han flykta som ung til England, der han gav ut boka Fra de grønne ånders land, om eigne opplevingar.

Arrangementet foregår på engelsk.

ARRANGEMENTET ER DESSVERRE AVLYST PÅ GRUNN AV ASKEFASTE GJESTER. FOR REFUSJON AV BILLETTER KONTAKT ADMINISTRASJONEN PÅ POST@LITTERATURHUSET.NO ELLER 22 95 55 30.

Etter arrangementet kan du henge på Litteraturhusets egen Onsdagskjeller. Her er det egne priser i baren, spill og bøker i hyllene og på musikkanlegget kan du hver uke høre forskjellige forfatteres spillelister. Denne ukens liste er levert av Frode Grytten.