Innsatspersonellet 22. juli – reaksjonar og oppfølging

bookmark

Frukostseminar

fredag 18. oktober 2013, kl. 08:15

Sal: Nedjma

Arrangør: Forskningsetiske komiteer

Inngang: Gratis

Forskarar frå Oslo universitetssykehus presenterer resultat frå undersøkinga av psykisk helse blant innsatspersonellet 22. juli på Litteraturhuset 18. oktober. Helsepersonell, politifolk, brann- og redningspersonell, sivilforsvar og heimevernet, spontane og organiserte frivillige la alle ned ein stor innsats 22. juli. Mange har også vore involvert i oppfølginga i lang tid etterpå. Korleis har dei ulike gruppene takla dei ekstreme opplevingane, og kva oppfølging har dei fått sjølve?

Øivind Ekeberg og Laila Skogstad ved Oslo universitetssykehus har gjennomført ei undersøking av nesten 2000 personar som var på jobb eller spontant stilte opp da Norge vart rysta av terror.
Eli Gunhild By er forbundsleiar i Norges sjukepleiarforbund, og vil gi oss arbeidstakarane sitt perspektiv.
Øystein Mæland er assisterande direktør i Helsedirektoratet og var politidirektør 22. juli 2011. Han  vil fortelje oss kva lærdommar helsestyresmaktene tek med seg frå hendingane når det gjeld oppfølging av innsatspersonell.

Frukost og kaffe blir servert fra 0800

Meld deg på her

Foto: NRK Beta