Invitasjon til seminar:

bookmark

Kasakhstan: stabiliteten slår sprekker?

torsdag 2. februar 2012, kl. 14:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Den norske Helsingforskomité

Inngang: Gratis

 Det olje- og gassrike Kasakhstan har lenge vore kjend som det best utvikla landet i Sentral-Asia, utan etnisk eller anna uro og med stabil økonomisk utvikling. President Nasarbajev har styrt landet sidan 1989, og med referanse til stabilitet og økonomisk framgang har både innbyggjarane og det internasjonale samfunnet stort sett latt Nasarbajev styre utan innblanding. Men så gjekk ei gruppe oljearbeidarar i det vestlege Kasakhstan i mai 2011 i streik for å få den løna og arbeidsforholda dei meinte dei hadde krav på etter lova. I sju månader var det ingen som brydde seg særskild om dei streikande, før dei skrekkelege nyhenda kom den 16.desember 2011: minst 17 menneske var drepne og fleire skadde i opptøyar mellom streikande og politistyrkar i den vesle byen Zhanaozen i ørkenen. Korleis kunne ein grunnleggjande arbeidskonflikt om lovregulert løn og arbeidsforhold gå så langt?
Program
14:00     Velkomen og innleiing
                Gunnar Ekeløve-Slydal, assisterande Generalsekretær DnH
 
14:10     Arbeidarkonflikten i Mangistau:
Årsaker til og utvikling av konflikten, Jessenbek Uktesjbaev, formann i den uregistrerte uavhengige fagforeininga ”Zhanartu”
Undertrykking av streikande og hendingane 16.desember, Ainur Kurmanov, viseformann i ”Zhanartu” og Kasakhstans sosialistrørsle
                                                                                                                                             
14:40     Fagforeininga si rolle i oljeproduserande land
Lars E. Myhre, Spesialrådgjevar Industri Energi, leiar for Energiseksjonen i den internasjonale føderasjonen for kjemi-, energi- og gruvearbeidarar, ICEM
 
14:50     Kaffipause
15:05     Paneldebatt
————
 
Servering av kaffi, te og frukt
Seminaret går føre seg på russisk og norsk med tolking.
Påmelding til wetteland@nhc.no
 
Den norske Helsingforskomité blei etablert i 1977, og er ein politisk uavhengig menneskerettsorganisasjon som arbeider for å fremja respekt for menneskerettane i Noreg og internasjonalt, med spesielt fokus på medlemslanda i Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE). For meir informasjon, besøk vår heimeside: www.nhc.no
Følg oss på Twitter: @nhc_no