Jon Fosse 50 år
Festframsyning
29. september fyller Jon Fosse 50 år, og Det Norske Samlaget inviterer til feiring på Litteraturhuset. Jon Fosse er forfattar og dramatikar frå Strandebarm, busett i Bergen. Han er ein av dei mest sentrale samtidsdramatikarane i Europa, og den norske dramatikaren ved sida av Ibsen som er mest spela. Forfattaren sjølv deltek med opplesing frå Andvake.
Kontakt Det Norske Samlaget for plassreservasjon, i.stenersen@samlaget.no.
Bilde: Steffen Kverneland