Jon og den lange julenatta
Hilde Myklebust og Inger Lise Belsvik
Julekvelden ventar med gåver og deilig mat, men Jon er ikkje å sjå i julestova, for hesten hans skal føde. Og det sjølvaste julenatta! Jon lar julefeiring vere julefeiring og tar med seg termos og sovepose ut i stallen. Der legg han seg i høyet for å passe på Tyra som snart skal bli mor til eit føl.
Passar for barn mellom fire og åtte år.