Keeperen og havet

Keeperen og havet

bookmark

Med Maria Parr og Liv Gulbrandsen

lørdag 10. februar 2018, kl. 13:00 til kl. 14:00

Sal: Berner (u. et)

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: 30,-

Anbefalt for: barn frå seks år.

Hugsar du boka Vaffelhjarte, som òg vart vist som serie i barne-TV på NRK? Keeperen og havet er den nye boka til Maria Parr, og her får du endeleg møte Lena og Trille att. No er dei blitt tolv år og Lena er keeper på fotballaget. Ho er som alltid den som får ting til å hende i den vesle bygda. Det kan bli litt mykje, synest Trille.

Lena har vore på Kreta i sommarferien og lært seg engelsk, og no er det på tide at Knert-Mathilde får meir kontakt med omverda. Ute på fjorden med farfar kastar dei ut ein flaskepost – kven veit, kanskje ein spanjol tar kontakt? Men den som ein dag ringjer på døra til Trille og får det til å kitle i magen, er den nye jenta frå Nederland, ho med dei fine krøllene.

Maria Parr vann Brageprisen for denne boka, og i dag kjem ho for å lese og fortelje korleis det går med vennskapet mellom Lena og Trille.

For barn frå seks år.